Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

D/S STORD I

D/S Stord I vart bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1913, og gjekk i rutefart fram til 1969. Dei siste åra som reserveskip. Fartsområdet var fjordane mellom Bergen og Stavanger, i Hardanger og Sunnhordaland. Veteranskipslaget Fjordabåten overtok båten i 1981 etter at han i fleire år hadde lege som losjiskip i Oslo. Fram til våren 1987 vart det utført ei omfattande restaurering , m.a. installering av dampmaskineri. Diverre vart D/S Stord I sterkt skadd under ein brann 14 dagar etter prøveturen i mai 1987. Laget sette igang arbeidet med å byggja båten oppatt. Gjenoppbygginga er godkjend av Fortidsminneforeningen som eit forskningsprosjekt. I august 2005 kunne Stord I igjen gå for eiga dampmaskin. No gjenstår legging av tredekk og innredning av salongar og lugarar. Tilgangen på økonomiske midlar avgjer kva tid dampskipet Stord I igjen vert å sjå på fjordane våre.

 

 

HISTORIA TIL D/S STORD I

 
 
Av Harald Sætre

D/S Stord vart bygd ved A/S Laxevaag Maskin- og Jernskibsbyggeri på Laksevåg for Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab i 1913, og var av utsjånad ganske lik D/S Rosendal frå 1909. Tonnasjen var opphaveleg på 376 BRT og skroget målte 47,4 x 7,3 x 2,7 m. Maskinen, som var bygd på same staden, var ein trippel ekspansjons dampmaskin på 470 indikerte HK. Dei tre sylindrane hadde ei slaglengde på 25 tommar, og dimensjonane var 13 ½, 22, og 35 tommar.

Stord var tiltenkt å gå i dei fleste rutene i HSD sitt fartsområde Bergen - Hardanger - Sunnhordland - Stavanger. Då HSD sette i gang ei ny snøggbåtrute mellom Bergen og Sunnhordland i 1928, vart Stord tiltenkt denne ruta. Båten vart i 1931 lengd med 3,5 meter og brunnen framfor brua vart bygd att. Samstundes vart overbygget midtskips gjort større med plass for postlugar og fleire passasjerlugarar. No fekk Stord den lange, ubrotne og elegante dekkslinja. I tillegg vart 2. plass salong framme under bakken bygd om. Det vart og sett opp fleire passasjerlugarar på hovuddekk. Bruttotonnasjen vart no auka til 465.

D/S Stord ved levering i 1913. Foto: HSD

Stord vart snart ein populær båt i Sunnhordland Snøggrute. Under krigen gjekk Stord trufast i selskapet sine ruter. Ved eksplosjonsulukka i Bergen den 20. april 1944 låg Stord ved Holbergskaien i Bergen. Styrehuset og ein del av innreidnaden vart øydelagt, men ellers slapp Stord uskadd frå hendinga.

Etter krigen hadde selskapet planar om å betra driftsøkonomien til dampskipa ved å skifta ut dampmaskina med motor. Stord vart utpeika som prøveskip. I desember 1947 starta ombygginga ved AS Bergens Mekaniske Verksteder. I juli 1949 var Stord igjen klar for rutefart, no som motorskip. Om bord stod to 12-sylindra Paxman Ricardo dieselmotorar, tilsaman på 1000 BHK. Motorkrafta vart overført til propellakslingen ved kilereimar. I tillegg vart mesteparten av innreinaden modernisert. Eksteriørmessig var det den nye, ovale skorsteinen som tydeleg viste at Stord ikkje lenger var dampskip. Ombygginga førte med seg at driftsøkonomien betra seg, men teknisk sett var ikke ombygginga like vellukka, mellom anna var det mykje motorstøy og vibrasjon i akterskipet.

Stord vart no sett inn i nattruta Bergen - Odda, og gjekk fast i denne ruta fram til 1959, då Stord vart reservebåt for selskapet. I 1969 selde HSD Stord til Oslo Kreds av Det Blå Kors, og fekk namnet O. T. Moe. Båten vart no nytta som hybel- og sosialsenter for alkoholskadde krigsseglarar.

Etter 11 år hadde gamle Stord gjort nytte for seg i Oslo, og var igjen for sal. Ved god hjelp frå Norsk Veteranskibsklub i Oslo, fekk det nyskipa Veteranskipslaget Fjordabåten overta båten i 1981 som no fekk namnet Stord I. Eit omfattande restaureringsarbeid vart sett i gang med tanke på å tilbakeføra Stord I til dampskip. Eit brukt dampmaskineri vart innkjøpt frå England. Etter seks års dugnadsarbeid og med god støtte frå ulike verksemder, kommunar og privatpersonar, kunne Stord I våren 1987 igjen gå for eiga dampmaskin.

Dugnadsarbeid 1986. Olav Krossnes og Harald Skauge. Foto: Harald Sætre

Den 20. mai 1987 var D/S Stord I på veg frå Stord til Bergen for å starta sin første seglingssesong. Like nord for Sandvikvåg i Fitjar oppstod det brann i maskinrommet. Brannen vart først sløkt, men tok seg opp att etter kort tid utan at det lukkast mannskapet og brannvesenet som var kome til, å få kontroll over brannen. I løpet av morgontimane vart Stord I totalt utbrend. Til all lukka kom ikkje nokon til skade under brannen. Det var likevel eit hardt slag for medlemmene og dei mange støttespelarane som måtte sjå 6 års arbeid gå opp i røyk.

D/S Stord I i brann mai 1987. Foto: Harald Sætre

Stord I vart erklært for totalskada av forsikringsselskapet. Mange såg det som nyttelaust å starta ei gjenoppbygging. Men nærare undersøkingar viste at kjelen hadde små skadar. Dampmaskinen var heller ikkje verre skadd enn at den kunne reparerast. Med bakgrunn i dei positive opplysningane som kom fram, vedtok laget å overta ein sterkt brannskadd Stord I frå forsikringsselskapet. I tillegg fekk laget utbetalt forsikringssummen, som på langt nær dekka ei fullstendig gjenoppbygging av båten.

No starta eit langvarig og tidkrevande arbeid. Teikningar og arrangement etter antikvariske prinsipp vart godkjent av Sjøfartsdirektoratet. Prosjektet fekk støtte hos Riksantikvaren som erklærte Stord I som verneverdig, og pengar vart bevilga. I samarbeid med Fortidsminne-foreningen vart gjenoppbyggingsprosjektet godkjent som eit forskningsprosjekt. Det vart inngått avtale med Eide Contracting AS i Kvinnherad om å gjera Stord I stålferdig. Imidlertid vart ikkje dette arbeidet fullført etter at verftet måtte innstilla drifta. Etter nokre år med stillstand, vart Stord I slept til Bergen og arbeidet held fram ved Mjellem & Karlsen Verft AS, det same verftet som i sin tid hadde hovudarbeidet då Stord I vart restaurert. Maskinen, som var teken på land tidlegare, vart ved god hjelp frå Askøy videregående skole, sett i stand.

På denne tida vart det utført omfattande stålarbeid. I tillegg vart akterskipet over vannlinja, som vart vridd under brannen, retta opp. Før dampmaskina kom om bord igjen, vart heile skroget sandblåse på utsida og prima og måla på nytt. Vinteren 2001/2002 var båten tett ved at nye dekk i stål og nytt dekkshus akter kom på plass. På ståldekka skal det seinare leggjast tredekk. På grunn av den økonomiske stoda til laget gjekk arbeida seint.

Men utover i 2003 auka støtta både økonomisk og på annan måte, optimismen steig og arbeida vart trappa opp. I maskinen kom etter kvart det tekniske utstyret på plass og vinteren 2004/2005 kunne Hardanger Fartøyventsenter setja opp styrehuset. I tillegg til verkstadsarbeid, vart det utført omfattande dugnadsarbeid. Målet var å få Stord I klar slik at båten kunne gå for eiga maskin til Nordsteam 2005 i Bergen, noko som lukkast takka vera stor innsats frå dugnadsgjengen om bord og sponsorane. I 2006 kunne arbeida med innredninga ta til.

 
D/S Stord I september 2005. Foto: E. Jensen

Stord I er eit krevjande prosjekt som krev store ressursar både å byggja opp att, vedlikehalda og å setja i drift. Styret i Veteranskipslaget Fjordabåten har difor utarbeidd eit prospekt for å marknadsføra Stord I-prosjektet overfor aktuelle samarbeidspartar.

På laget sitt årsmøtet vinteren 2005/2006 vart det vedteke å overføra Stord I til ein eigen stiftelse; Stiftelsen D/S Stord I. Veteranskipslaget Fjordabåten sine medlemmer skal framleis ha ansvaret for det praktiske arbeid om bord, samt å bemanna båten.

Dampskipet Stord I skal bli eit attraktivt reise- og opplevelsestilbod for Vestlandet. Tanken er at Stord I bl.a. skal gå faste turar i sommarsesongen med stopp ved dei gamle dampskipskaiane. Vidare skal D/S Stord I kunne brukast til seminar og spesielle cruise i Vestlandsfjordane og langs kysten.

Ein maritim kulturskatt vil bli levandegjort og kalla fram minner fra ein over 100 årig epoke i rutebåttrafikken med dampskip på Vestlandet. 

D/S Stord1 feiret 100 års jubileum i Bergen 22. juni 2013.

 

© 2017   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår