Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

M/S GRANVIN

 

M/S Granvin gjekk i rutefart for Hardanger Sunnhordlandske Dampiskipsselskap frå 1931 og fram til 1987.Ruteområdet var i hovudsak indre Hardanger, men båten vart og nytta i andre rutedistrikt. I 1988 vart båten overteken av Veteranskipslaget Fjordabåten.

(Les meir om historia til M/S "Granvin" under biletet)

 

Foto Harald Sætre

 

 

Historia til M/S Granvin

 
 

M/S Granvin vart bygd ved A/S Mjellem & Karlsen i Bergen for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1931. Tonnasjen var på 115 BRT og skroget målte 27,4 x 5,6 x 2,9 m. Maskinen var ein to-sylinder enkeltverkande semidiesel på 150 HK frå Bolinder Motorfabrikk i Stockholm. M/S Granvin var sertifisert for 150 passasjerar. I tillegg til å trafikkera lokalrutene i indre Hardanger, var båten og tiltenkt å gå i turistrute om sommaren. M/S Granvin var og bilførande og kunne ta med 3 bilar.

Innreiinga var etter gamalt mønster med 1. plass på dekk akter og 2. plass under dekk framme. Framfor overbygget var det eit romsleg lastedekk, med lause rekkjer på kvar side, slik at bilar kunne køyrast om bord og i land på sliskar. Under dekk var lasterommet.

Frå 1931 til 1935 gjekk M/S Granvin i turistrute i Indre Hardanger om sommaren. Om vinteren gjekk båten i ulike lokalruter, men i hovudsak var det i Sørfjordrutene mellom Odda og Granvin båten kom til å gjera teneste.

Den 21. februar 1933 var M/S Granvin på veg mot Nordheimsund i vinterrute frå Hardanger til Bergen. Straum og vind førde båten ut av kurs, og i mørkre og snøkave rende båten på ein liten holme, Tjuvaholmen, like nord for Øystese. Baugen og halve framskipet vart liggjande på land, medan akterskipet låg under vatn. Ingen vart skadd og båten vart berga av S/B Herkules.

M/S Granvin gjekk trufast for HSD i lokalruter fram til 1968. Då vart lokalrutene i indre Hardanger lagde om. Sørfjordruta og ruta rundt Oksenhalvøya, som dei siste åra vart utført av Fjordgubben (tidlegare Lønningdal I) av Olav Linga, kunne no utførast av ein båt. Partrederiet Olav Linga kjøpte M/S Granvin.

I samband med salet og omlegginga av rutene, vart M/S Granvin noko ombygd. Lasterommet vart lengd framover, og den gamle 2. plass salongen vart fjerna saman med dekkshuset. Masta vart flytta lenger fram, samstundes som det vart montert ein lengre bom og større lukekarm. Bolinder-motoren vart bytt ut med ein ny 3-sylindra Wichmann-motor på 300 BHK. I 1970 fekk M/S Granvin ny skorstein som skulle dempa noko av motorlarmen, utan at dette var til noko særleg nytte.

M/S Granvin gjekk i lokalrute i indre Hardanger fram til våren 1987. Vegutløysing til bygdene på Oksenhalvøya gjorde båten overflødig og ruta vart lagt ned.

I 1988 kjøpte Veteranskipslaget Fjordabåten M/S Granvin med tanke på å bevara båten. Salongen vart bygd opp att. Med tanke på at båten no i hovudsak skulle nyttast som passasjerbåt, vart salongen gjort noko større enn den opphavelege. Båten fekk og tilbake ein høg tynn skorstein etter modell av den gamle. I 1995 fekk M/S Granvin status som verneverdig fartøy av Riksantikvaren.

M/S Granvin ble i 2011 fredet av Riksantikvaren.

© 2017   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår