Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

Harald Sætres blogg (155)

FORMIDLING AV HISTORIA ER VIKTIG

Det er viktig å formidla historia som fjordabåtane var ein del av. Då utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland Fylkeskommune var på tur med DS Stord I frå Bergen til Kleppestø, var historikar Dag Bakka jr. med og fortalde om den betydning rutebåtferdsla har hatt for Bergen og distrikta opp gjennom åra.…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 24 mai 2017 kl. 21.00 — Ingen kommentarer

ÅRETS FØRSTE TUR MED DS STORD I

Onsdag 26. april var det tur frå Bergen til Salhus og Trikotasjemuseet med representantar frå dei internasjonale turistorganisasjonane som denne veka har vore samla i Bergen.

Det er gjort mykje dugnadsarbeid om bord i vinter, mellom anna er området rundt byssa oppgradert. I tillegg har Hardanger Fartøyvernsenter laga anretningsbord og buffet til 1. plass. Det er og kome opp kart over det gamle ruteområdet til HSD. Dette er ein kopi av kartet som heng om bord i MF Gamle…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 27 april 2017 kl. 11.00 — Ingen kommentarer

MS GRANVIN - NYTT FRÅ DÅFJORDEN

Her er ein liten rapport frå Kåre Kvalvik, som saman med andre frå laget, på ein god måte sørge for tilsyn med arbeida i Dåfjorden:

MS Granvin har no vore på sjøen i Dåfjorden, bla. for å kontrollera eventuelle lekkasjar i skroget etter dei omfattande utskiftingane av hudplater.

I skrivande stund er "Granvin" komen opp på den store slippen og Skipstømraren AS frå Sagvåg er i full gang med riving av tredekk på båtdekket, for klargjering av skifting av stål. Heile tredekket på…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 21 mars 2017 kl. 12.30 — Ingen kommentarer

OPTIMISME PREGA ÅRSMØTET I VETERANSKIPSLAGET FJORDABÅTEN

Årsmøtet 2017 vart avvikla i kantina hos Skjøndal Slipp i Bergen laurdag 11. mars. Tidlegare på dagen hadde Veteranskibslaget Stavenes halde sitt årsmøte same staden. Med open båt og fyr på kjelen til DS Stavenes vart det ein interessant ettermiddag for medlemmne frå begge laga.

Etter ein heller vanskeleg haust med manglande midlar til å halde fram med arbeida om bord i MS Granvin, kunne styret på årsmøtet opplysa at Riksantikvaren for 2017 har løyvd kr. 2 mill. Arbeida i Dåfjorden er…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 11 mars 2017 kl. 21.30 — Ingen kommentarer

TURAR SESONGEN 2017 MED DS STORD I

På tur med DS Stord I i sommar ? Her er ei oversikt så langt over dei opne turane og lenke til forhåndskjøp av billettar. I fjor var mange av turane raskt utselde, så her gjeld det å vera tidleg ute;

https://stord1.ticketco.no/

DS Stord I ved Bekkjarvik. Arkivfoto: Harald…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 9 mars 2017 kl. 10.30 — Ingen kommentarer

Tildeling av midlar frå Riksantikvaren for 2017.

Det føreligg no ei oversikt over midlane som fartøyvernet har fått frå Riksantikvaren for 2017. Som vi ser er MS Granvin tildelt kr. 2 millionar. Dette er midlar som kjem godt med i arbeidet som pågår.

Her er fordelinga;

www.riksantikvaren.no/Aktuelt/Nyheter/Tilskudd-til-fartoey-i-2017

Lagt til av Harald Sætre den 6 mars 2017 kl. 17.30 — Ingen kommentarer

MEDLEMSKAP - KORRIGERING AV E-POSTADRESSEN

Som sikket noen har oppdaget, har det vært en feil i e-postadressen knyttet til medlemskap.

Dette er nå rettet. Den riktige e-postadressen er; fjordabaaten@gmail.com

Lagt til av Harald Sætre den 3 mars 2017 kl. 20.44 — Ingen kommentarer

HISTORISK MØTE I BERGEN

Torsdag 23. februar la MS Sunnhordland til kai ved Munkebryggen i Bergen, den faste plassen båten hadde frå 1949 til 1973 i Sunnhordland Snøggruter. Rett over, ved Holbergskaien, ligg DS Stord I som var pioneren i same ruta frå 1931 til 1947.  Dette må seiast å vera eit historisk møte. Kven hadde trudd dette då båtane forsvann på 1960/1970-talet.…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 24 februar 2017 kl. 11.07 — Ingen kommentarer

INNKALLING TIL ÅRSMØTE I VETERANSKIPSLAGET FJORDABÅTEN

Møtedato er sett til 11. mars kl. 15:00 i Damsgårdsvei 119, Laksevåg (lokalet til Skjøndal Verft). Årsmelding og innkalling vert i desse dagar sendt ut til medlemmene.

Lagt til av Harald Sætre den 22 februar 2017 kl. 10.00 — Ingen kommentarer

TURER SESONGEN 2017

Historisk reise med D/S Stord I og BT fordel

Veterandampbåten «Stord I» har mange fine og interessante turer i seilingssesong som strekker seg fra 31. mai til 3. september. Det er mange familievennlige opplevelsesturer med avgang og…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 2 februar 2017 kl. 21.00 — Ingen kommentarer

SNART TID FOR ÅRSMØTE OG VALG

Forslag på kandidater til styrene i Veteranskipslaget Fjordabåten og Stiftelsen D/S Stord1.

Til årsmøtet i februar 2017 (dato kommer senere) ønsker valgkomiteen forslag på kandidater til de to styrene.  Vedlagt følger en oversikt over styremedlemmene. De som er på valg (merket med x) er også kontaktet av valgkomiteen med spørsmål om evt gjenvalg.

Forslag sendes valgkomiteen…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 12 januar 2017 kl. 15.30 — Ingen kommentarer

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 21 desember 2016 kl. 20.57 — Ingen kommentarer

DS STORD I HAR FÅTT VINTERKÅPA PÅ

Dugnadsgjengen har sørga for at DS Stord I er godt beskytta no når vinteren står for døra. Det er ein stor jobb som er gjort med å setja opp ramma og få på plass presenningane.  Men dette er ei god "investering" som ein får att ved mindre vedlikehald til våren. Og ikkje minst at ein kan arbeida om bord gjennom heile…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 23 november 2016 kl. 12.00 — Ingen kommentarer

VELLUKKA SESONG FOR DS STORD I

Pressemelding frå styret i Stiftelsen D/S Stord I.

D/S Stord I har gjennomført ein vellukka sesong med mange opne passasjerturar i heile Hordaland fylke. Første turen gjekk til Bekkjarvik siste søndagen i mai. Alle 99 passasjerbillettane vart utselde. Likeeins turane knytt til Hansadagene/Torgdagen frå og til Skogsvågen og Brattholen, vart utselde. Nytt av året var førehandssal av billettar på internett og over 1300 einskildbillettar vart lagt…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 28 oktober 2016 kl. 13.00 — Ingen kommentarer

MS GRANVIN - STATUS HAUSTEN 2016

          Foto: John Lind-Hansen   

I år har ikkje MS Granvin vore i drift, den første sesongen uten båt etter at Veteranskipslaget Fjordabåten…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 27 september 2016 kl. 10.00 — Ingen kommentarer

GLADJAZZ OG SHANTIES OM BORD I DS STORD I

                Arkivforo 2014: Harald Sætre

Fredag er det Kulturnatt i Bergen. Ved Bryggen ligg DS Stord I og har ope skip heile kvelden frå kl. 18.00 til 00.00.  Her kan du høyra gladjazz med Deep Dixie…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 7 september 2016 kl. 14.22 — Ingen kommentarer

DET GÅR MOT SESONGSLUTT FOR DS STORD I

Neste oppdrag for DS Stord I blir Kulturnatt fredag 9. september. DS Stord I vil forhala over til Bryggen, og det er open båt fram til kl. 24.

Ellers er det 2 - 3 private arrangement/turar som står igjen på seglingslista.

Styret har vidare bestemt at DS Stord I…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 1 september 2016 kl. 20.00 — Ingen kommentarer

© 2017   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår