Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

Harald Sætres blogg -- mars 2017 Arkiv (5)

MS GRANVIN - NYTT FRÅ DÅFJORDEN

Her er ein liten rapport frå Kåre Kvalvik, som saman med andre frå laget, på ein god måte sørge for tilsyn med arbeida i Dåfjorden:

MS Granvin har no vore på sjøen i Dåfjorden, bla. for å kontrollera eventuelle lekkasjar i skroget etter dei omfattande utskiftingane av hudplater.

I skrivande stund er "Granvin" komen opp på den store slippen og Skipstømraren AS frå Sagvåg er i full gang med riving av tredekk på båtdekket, for klargjering av skifting av stål. Heile tredekket på…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 21 mars 2017 kl. 12.30 — Ingen kommentarer

OPTIMISME PREGA ÅRSMØTET I VETERANSKIPSLAGET FJORDABÅTEN

Årsmøtet 2017 vart avvikla i kantina hos Skjøndal Slipp i Bergen laurdag 11. mars. Tidlegare på dagen hadde Veteranskibslaget Stavenes halde sitt årsmøte same staden. Med open båt og fyr på kjelen til DS Stavenes vart det ein interessant ettermiddag for medlemmne frå begge laga.

Etter ein heller vanskeleg haust med manglande midlar til å halde fram med arbeida om bord i MS Granvin, kunne styret på årsmøtet opplysa at Riksantikvaren for 2017 har løyvd kr. 2 mill. Arbeida i Dåfjorden er…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 11 mars 2017 kl. 21.30 — Ingen kommentarer

TURAR SESONGEN 2017 MED DS STORD I

På tur med DS Stord I i sommar ? Her er ei oversikt så langt over dei opne turane og lenke til forhåndskjøp av billettar. I fjor var mange av turane raskt utselde, så her gjeld det å vera tidleg ute;

https://stord1.ticketco.no/

DS Stord I ved Bekkjarvik. Arkivfoto: Harald…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 9 mars 2017 kl. 10.30 — Ingen kommentarer

Tildeling av midlar frå Riksantikvaren for 2017.

Det føreligg no ei oversikt over midlane som fartøyvernet har fått frå Riksantikvaren for 2017. Som vi ser er MS Granvin tildelt kr. 2 millionar. Dette er midlar som kjem godt med i arbeidet som pågår.

Her er fordelinga;

www.riksantikvaren.no/Aktuelt/Nyheter/Tilskudd-til-fartoey-i-2017

Lagt til av Harald Sætre den 6 mars 2017 kl. 17.30 — Ingen kommentarer

MEDLEMSKAP - KORRIGERING AV E-POSTADRESSEN

Som sikket noen har oppdaget, har det vært en feil i e-postadressen knyttet til medlemskap.

Dette er nå rettet. Den riktige e-postadressen er; fjordabaaten@gmail.com

Lagt til av Harald Sætre den 3 mars 2017 kl. 20.44 — Ingen kommentarer

© 2020   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår