Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

Harald Sætres blogg -- mars 2019 Arkiv (5)

".... SÅ BLANKPUST OG FIN AT HAN LYSER"

I vinter har MS Granvin lege i Sagvåg der medlemmer frå Stord, under leiing av Kåre Kvalvik, har gjort eit imponerande dugnadsarbeid med å få båten klar til årets sesong. Onsdag kom MS Granvin, nyoppussa og flott i strekken, til Bergen.

Men enno gjenstår det ein skikkeleg dugnadsinnsats for medlemmene i Bergen, det må ryddast om bord og heile båten må vaskast ned før den er klar for sin første tur.  

Første dugnadsdag vert tysdag 2. april frå kl. 18. Det vert kaffi og noko å…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 29 mars 2019 kl. 12.30 — Ingen kommentarer

DUGNAD OM BORD I DS STORD I

DS Stord I ligg godt tildekka ved Holbergskaien i Bergen, og tilsynelatande utan aktivitet om bord. Men kvar tysdag (og også andre dagar) er det dugnad med mange frammøtte , noko dei mange bilane på kaien fortel. I tillegg til mannskapet og andre interesserte medlemmer, får også elevar frå Bergen Maritime vgs. opplæring i praktisk, maritimt arbeid.  På ein så stor båt er det arbeid til alle. Det største dugnadsprosjektet i vinter er ny himling i gangar og restaurasjonsområdet på…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 12 mars 2019 kl. 15.30 — Ingen kommentarer

PRESSEMELDING FRÅ RIKSANTIKVAREN

I dag vart det kjent kva fartøy som får midlar for 2019. Sjå lenka under:

https://www.riksantikvaren.no/Aktuelt/Nyheter/Tilskudd-til-fartoey-i-2019

Lagt til av Harald Sætre den 11 mars 2019 kl. 17.30 — Ingen kommentarer

MARKNADSFØRING AV FJORDABÅTANE OG KYSTKULTUREN

Etter at den formelle delen av årsmøtet i Veteranskipslaget Fjordabåten var ferdig, fortalde Kjell Magnus Økland frå Stiftinga Kystsogevekene (som truleg snart byter namn til Stiftinga Kystkultur no!) om korleis ein via nettstaden www.kystkultur.no snart kan marknadsføra både fjordabåtturar og andre kystkulturarrangement på ein effektiv måte. Denne vevsida vert klar i løpet av våren 2019.…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 9 mars 2019 kl. 22.49 — Ingen kommentarer

GLYTT FRÅ ÅRSMØTET I VETERANSKIPSLAGET FJORDABÅTEN

Laurdag 9. mars vart årsmøtet i Veteranskipslaget Fjordabåten halde i Kystkultursenteret i Sandviksboder i Bergen. Rundt 35 medlemmer var tilstades på møtet som vart leia av leiaren,  Hanne Huseklepp på ein framifrå måte. Til behandling var dei vanlege årsmøtesakene, rekneskap og val av styra i laget og stiftelsen DS Stord I. I tillegge vart det grundig redegjort for arbeida som er utførte på båtane i vinter og drifta den komande sesong. Referat vert sendt medlemmene.  …

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 9 mars 2019 kl. 21.00 — Ingen kommentarer

© 2020   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår