Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

Harald Sætres blogg -- november 2015 Arkiv (5)

GODT NYTT

I forbindelse med behandling av statsbudsjettet for 2016 var det knytt usikkerhet til om opphavelege framlegget til kultur/fartøyvern ville bli vedteke, eller om det ville bli ein reduksjon.

Men det opphavelege framlegget vart vedteke. Så takk til Norsk Forening for Fartøyvern som har stått på, bl.a. i møte med politiske leiarar;…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 25 november 2015 kl. 10.00 — Ingen kommentarer

TIRSDAG ER DUGNADSDAG

DS Stord I ser kanskje litt stussleg ut der den ligg, halvegs tildekka av vinterfrakk og utan toppmast. Men under dekke er det full aktivitet av dugnadsgjengen med stå på humør.  I dag kom og dei nye stolane til 1. plass, og etter rask utpakking var dei komne på plass.

Stiftelsen DS Stord I har fått tilsagn frå Riksantikvaren om midlar til opplagspresenning, så om ikkje all for lang tid kan vi rekna med at båten får ein vinterfrakk i full størrelse.…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 24 november 2015 kl. 17.00 — Ingen kommentarer

MARITIME FAMILIEDAGER

Sist helg var det Maritime Familiedager på Bergens Sjøfartsmuseum. Veteranskipslaget Fjordabåten og Stiftelsen D/S Stord I var, tradisjonen tru, til stades med eiga stand som var bemanna med laget sine medlemmer i Bergen. Frå Stord hadde Harald Kvinge teke turen. Her fekk interesserte m.a. informasjon om DS Stord I og MS Granvin og det arbeid som blir lagt ned i drift og vedlikehald. Det var fleire interesserte som melde seg inn som medlemmer i laget. 

Til stades på Familiedager var…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 8 november 2015 kl. 20.30 — Ingen kommentarer

"DER FARTØY FLYTE KAN"

Fekk du ikkje med deg programmet til Dag Lindebjerg (reprise frå våren 2007) "Der fartøy flyte kan" sist onsdag, med bl.a. innslag frå DS Stord I.

Du kan sjå det her. Innslaget om DS Stord I kjem mot slutten av programmet;

https://tv.nrk.no/serie/der-fartoey-flyte-kan/PRHO81005705/23-05-2007

Lagt til av Harald Sætre den 6 november 2015 kl. 15.30 — Ingen kommentarer

© 2020   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår