Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

Harald Sætres blogg (200)

DS Stord I på tur til Stord

Sist fredag kasta DS Stord I loss i Bergen og sette kursen mot Stord i lag med MS Granvin.

Stord I tok turen nedover i forbindelse med Før og No Festivalen som vart arrangert på Leirvik, medan Granvin starta opp ein ny sesong med turar via ytre lei og gjennom Kuleseidkanalen.  Stord I gjekk strake vegen gjennom Langenuen.  Passasjersertifikatet er ikkje på plass enno, så båten gjekk utan passasjerar.…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 27 juni 2012 kl. 22.00 — Ingen kommentarer

DS STORD I - TUREN FRÅ NORHEIMSUND TIL BERGEN

Måndag føremiddag den 14. mai braut DS Stord I opplaget ved Hardanger Fartøyvernsenter og sette kursen mot Bergen etter vinterens arbeid om bord. Etter nær 10 timars tur klappa båten til kai.

Det var ikkje nett våren som møtte DS Stord I på veg ut Hardangerfjorden. Været minna helst om ein sur haustdag med kuling og regn.

Her er nokre videoglimt frå turen;…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 19 mai 2012 kl. 20.00 — Ingen kommentarer

DS STORD I - OPEN BÅT

 

Søndag 13. mai er det sesongopning ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund med mange ulike aktivitetar.

Frå kl. 12:00 er det høve å ta ein tur om bord i Stord I. Kl. 14:30 vil fartøyvernkonsulent Åsmund Kristiansen orientera om restaureringsarbeidet om bord. Servering.

Mandag morgon set DS Stord I kursen mot…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 9 mai 2012 kl. 18.00 — Ingen kommentarer

MS GRANVIN TILBAKE I BERGEN

 

Torsdag 26. april kom Granvin frå Dåfjorden Slipp, og ligg ved sin faste plass ved Holbergskaien. No er det tid for dugnad om bord, som i hovudsak består av rydding, vask, rustbanking og maling.

 

                                        

 

 

 

 

 

 

F.v.:…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 28 april 2012 kl. 17.00 — Ingen kommentarer

TILDELINGANE FRÅ RIKSANTIKVAREN

Riksantikvaren har no offentliggjort fordelinga av midlane for 2012 til fartøyvern. 

I Hordaland er det fordelt i alt kr. 6.425.000 slik ( inkl. førehandstilsagn);

  • MS "Bjørn-West"      kr.    150.000
  • MF "Folgefonn"        kr. 1.325.000
  • MS "Granvin"            kr.    500.000…
Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 27 april 2012 kl. 21.00 — Ingen kommentarer

DS STORD I SNART KLAR I NORHEIMSUND

Arbeida som Hardanger Fartøyvernsenter har utført i vinter, nærmar seg slutten. Etter at båten har vore med på sesongopninga den 13. mai ved senteret, set Stord I kursen mot Bergen og sin faste plass ved Holbergskaien.…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 27 april 2012 kl. 12.30 — Ingen kommentarer

STYREMEDLEMMENE FOR 2012

Etter valet består styret i Veteranskipslaget Fjordabåten av:

Formann: Hanne Mæland Strand

Styremedlemmer: Gunvor Teigland (kasserer), Terje Kvamme, Helge Tveit og Kåre Taule.

Varamedlemmer: Wollert Bjørndal, Kåre Kvalvik og Øyvin Konglevoll

 …

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 16 april 2012 kl. 8.00 — Ingen kommentarer

Hordaland fylkeskommune har fordelt kr. 880.000,- til fartøyrestaurering

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fekk for 2012 inn søknader frå 20 fartøy på tils. 3,5 millionar kroner.

Det vart løyvt kr. 880.000,- fordelt på alle søknadane. MF Folgefonn og MF Skånevik fekk mest med kr. 100.000 på kvar, medan DS Stord I fekk kr. 60.000,-.

Du kan lesa nærare om fordelinga her;…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 30 mars 2012 kl. 12.50 — Ingen kommentarer

Oppfordring fra styret til dugnadsinnsats på DS Stord I og MS Granvin

Hei alle medlemmer. 

Begge båtene MS Granvin og DS Stord 1 trenger medlemmer til dugnadsarbeid.  DS Stord 1 ligger i Norheimsund ved Fartøyvernsenteret og hver tirsdag reiser medlemmer inn der for å utføre dugnad. Som en kan se av månedsrapport for jan - 12, er arbeidet godt i gang  Kontakt Arne Sundal på mob. nr.91162906 for nærmere info. for avreise.

 MS…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 30 mars 2012 kl. 12.30 — Ingen kommentarer

Grenser for fartøyvern - Restaureringskultur

                                                                       

I utgave nr. 2/2012 av Kysten, som er tidsskrift for Forbundet Kysten, er det omtalt flere av de større fartøyvernprosjektene i Norge. Bla. er det interju med leder Jan Welde i Norsk Forening for Fartøyvern.

I flere artikler blir det satt søkelys på hva som bør tas vare på når det gjelder…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 30 mars 2012 kl. 12.30 — Ingen kommentarer

MS Granvin - arbeida på Jensaneset

No er det full aktivitet med å leggja ny plank på taket over styrehuset og kapteinslugaren. Arbeidet vert utført av skipstømrar Bakke og folka hans på Jensaneset i Sagvåg. Vidare deltek dugnadsgjengen frå Stord med vanleg vedlikehald.

I tillegg til nytt tak, må og noko stål i sjølve kapteinslugaren skiftast.

Her på lenkja til Bakke kan du fylgja framdrifta i arbeida;

http://stmb.no/index.htm

 

Lagt til av Harald Sætre den 1 mars 2012 kl. 16.00 — Ingen kommentarer

BOKA "DAMP, DIESEL OG PÅGANGSMOT"

Boka, som kom ut sommaren 2010, er no utselt frå forlaget. Men laget og stiftelsen har sikra seg nokre eksemplar. Boka vil såleis vera til sals om bord i Granvin og Stord I til sommaren.

Boka fortel om Veteranskipslaget Fjordabåten og arbeidet med å ta vare på, restaurera og drifta DS Stord I og MS Granvin.

Boka har mange bilete frå dugnadsarbeid og…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 1 mars 2012 kl. 15.00 — Ingen kommentarer

MS Granvin i Midthordlandsruta 1994

Det går mot vår og sommer og nye turer med MS Granvin. I mellomtiden kan vi kose oss med en liten videosnutt fra juni1994 da Veteranskipslaget Fjordabåten arrangerte tur med MS Granvin i den gamle Midthordlandsruta fra Osøyro til diverse stoppesteder i Fusa og Tysnes, med retur til Osøyro.

Her får du oppleve lasting og lossing av melkespann, besøk på en landhandel og folkelivet på kaiene. Til tross for et skikkelig dårlig vær var det mange som var med på turen og som møtte fram på…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 21 januar 2012 kl. 22.30 — Ingen kommentarer

DS Stord I i Norheimsund i vinter.

Etter sesongavslutning 10. september forhalte DS Stord I fra Vågen til Laksevåg og Bergen Group BMV for arbeid i maskinen, bl.a. ble brannslukkingsutstyret ferdigstilt.

Den 17. oktober gikk turen videre til Norheimsund og Hardanger Fartøyvernsenter. Her er vinterens arbeid godt i gang. Hovedarbeidet blir å legge dekksplank på shelterdekket fra midtskipshuset og frem til ankervinsjen. Videre skal ytterligere to lugarer innredes, disse ligger på hoveddekket framme ved…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 28 desember 2011 kl. 13.30 — Ingen kommentarer

MS Granvin - grunnstøyting i Hardanger 1933

På denne heimesida til Statsarkivet som omhandlar Norsk Bjergningskompagni AS, kan du lesa om grunnstøytinga til MS Granvin ved Kvamsøy i februar 1933;…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 18 september 2011 kl. 17.30 — Ingen kommentarer

Video frå DS Stord I på Byfjorden, Bergen

 

DS Stord I på ein kort tur på Byfjorden seinsommaren 2011. Opptak frå bl.a. maskinen og dampvinsjen i bruk. Ca. 4 min.

Klikk på; 

www.youtube.com/watch?v=Kfua01yPlkQ

 

Lagt til av Harald Sætre den 6 september 2011 kl. 20.30 — Ingen kommentarer

DS Stord I på vellukka tur til indre Hardanger

Den siste helga i juli var DS Stord I på visningstur til Hardanger med stopp i Norheimsund, Utne, Odda og Lofthus.  Sjølv om passasjersertifikatet ikkje er på plass er det viktig at mannskapet blir kjend med båten og haustar erfaring med å gå lengre turar. I tillegg ønskte styret i Stiftelsen å visa båten fram i eit rutedistrikt som båten gjekk fast i på 1950-talet, samt å knyta kontakt med kommunar, turistnæringa og hotella i distriktet. 

Mange nytta høve å ta ein tur om bord, og for…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 1 august 2011 kl. 21.30 — Ingen kommentarer

MS Granvin - turar frå Hardanger til Bergen ?

Som matros om bord i Granvin kjem eg frå tid til annan i kontakt med eldre som hugsar då båten gjekk i lokalrute i indre Hardanger, både før og etter krigen. No sist under turen til Stolmen var det ei eldre dame som kunne fortelja at ho like før krigen reiset åleine som 6-åring heilt til Bergen.  Ho kunne og fortelja at ho sov på ein av benkene i salongen akter.

Andre har fortalt om at dei har reist med ein overfylt Granvin til Bergen, og at det var knapt ein sitjeplass å…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 24 juni 2011 kl. 20.00 — Ingen kommentarer

Møte mellom MS Granvin og gamle MF Folgefonn

Sommaren 1938 møttes MS Granvin og den nybygde bilferja Folgefonn i Hardanger for første gong. Nesten 73 år seinare møttes dei to gamle HSD-travarane igjen i Norheimsund.  Etter over 30 år i England er no Folgefonn tilbake Norge og Hardanger.

 

Under sesongopninga ved Hardanger Fartøyvernsender søndag 15. mai vart det markert at Folgefonn er teke i bruk som museumsfartøy. Alexander Ytteborg, sjef for Seksjon for fartøy og tekniske kulturminne hos Riksantikvaren markerte vidare…

Fortsett

Lagt til av Harald Sætre den 16 mai 2011 kl. 15.00 — Ingen kommentarer

Eldre foto frå Granvin kai

Bildet av MF Folgefonn, MS Granvin og MS Stord i Granvin er truleg frå perioden 1949 - tidleg 1950-tal. Det kan ein m.a. sjå på svineryggen til Granvin som på bilete ikkje er forlenga.  Svineryggen på Granvin var forlenga tidleg på 1950-talet. Vidare vart Stord motorisert i 1949, jf skorsteinen.

Harald Sætre

Lagt til av Harald Sætre den 4 mai 2011 kl. 20.30 — Ingen kommentarer

© 2020   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår