Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

I sommar hadde DS Stord I besøk av ein representant frå styret i Europa Nostra, som er ein europeisk samlingsorganisasjon for friville kulturvernorganisasjonar (stifta i 1963) og har kontor i Europarådet i Paris. 

Vedkomande fekk omvisning av Arne Sundal. Han var storleg imponert over det arbeid som er og blir gjort med DS Stord I.

Han oppfordra sterk Stiftelsen D/S Stord I om å senda inn ein søknad om å få tildelt pris for det best restraurert veteranskip i Europa - EUROPA NOSTRA AWARD.  Dette er, så langt ein kjenne til, første gang at eit veteranskip kan få ein slik pris. 

For nokre dagar sidan var den omfattande søknaden med dokumentasjon og anbefalingar, sendt. Så no er det berre å håpa at DS Stord I er det skipet som går av med sigaren. Dette blir avgjord til våren.  Det kan og nemnast at nokre dagar før søknadsfristen gjekk ut, så ringde vedkomande og minna Stiftelsen om søknadsfristen og at vi måtte senda inn ein søknad.

Det er ei stor æra i seg sjølv å bli førespurt om å senda inn ein slik søknad til EU.  

Her kan du lesa meir om Europa Nostra;

http://www.europanostra.org/

Visninger: 27

Kommenter

Du må være medlem av Fjordabaaten for å kunne legge til kommentarer!

Bli med Fjordabaaten

© 2017   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår