Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

Her er ein liten rapport frå Kåre Kvalvik, som saman med andre frå laget, på ein god måte sørge for tilsyn med arbeida i Dåfjorden:

MS Granvin har no vore på sjøen i Dåfjorden, bla. for å kontrollera eventuelle lekkasjar i skroget etter dei omfattande utskiftingane av hudplater.

I skrivande stund er "Granvin" komen opp på den store slippen og Skipstømraren AS frå Sagvåg er i full gang med riving av tredekk på båtdekket, for klargjering av skifting av stål. Heile tredekket på båtdekket vil bli fjerna. Dei har og fjerna tverrskips dekkplank i forkant av postlugar, slik at siste del av fremre skott i postlugar kan skiftast samt strekkplate BB-side ved nedløp frå rennestein.

​Så langt er oppretting av nedre del av stylken og rorflyndre så godt som ferdigstilt. Då vil "varmt arbeid" i skrog vere ferdig på akterskipet. På bakgrunn av dette vil Los Marine starte opp med rettningskontroll av hylsa og fortsette med montering av aksling/propell og oppretting av hovedmotor.

Bileta under er tekne av Kåre Kvalvik. Under fana Bilder finn du fleire bilete som John Lind-Hansen har teke.

Visninger: 118

Kommenter

Du må være medlem av Fjordabaaten for å kunne legge til kommentarer!

Bli med Fjordabaaten

© 2017   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår