Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

OPTIMISME PREGA ÅRSMØTET I VETERANSKIPSLAGET FJORDABÅTEN

Årsmøtet 2017 vart avvikla i kantina hos Skjøndal Slipp i Bergen laurdag 11. mars. Tidlegare på dagen hadde Veteranskibslaget Stavenes halde sitt årsmøte same staden. Med open båt og fyr på kjelen til DS Stavenes vart det ein interessant ettermiddag for medlemmne frå begge laga.

Etter ein heller vanskeleg haust med manglande midlar til å halde fram med arbeida om bord i MS Granvin, kunne styret på årsmøtet opplysa at Riksantikvaren for 2017 har løyvd kr. 2 mill. Arbeida i Dåfjorden er no i full gang att. Vidare har Riksantikvaren gjeve førehandsløve for 2018 på kr. 4 mill. Det betyr at det er håp om at MS Granvin kan gjerast ferdig ved Hardanger Fartøyvernsenter i løpet av våren 2018. Men framleis manglar laget litt over kr. 1 mill. før det kan skje.

Når det gjeld DS Stord I så har båten hatt ein god sesong med i alt 28 seglingsdagar.  Mannskapslista består av i alt 45 personar fordelt på skipsfører, maskinister, matrosar og restaurasjonspersonell.  Med gode billettinntekter, samt tilskot frå det offentlege og private,  kom drifta av Stord I ut med eit positivt resultat.

Visninger: 299

Kommenter

Du må være medlem av Fjordabaaten for å kunne legge til kommentarer!

Bli med Fjordabaaten

© 2017   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår