Fjordabaaten

- for bevaring og bruk av veteranskip

Trass i dårlege verutsikter, vart det eit flott arrangementet i Stavanger. Vågen er ei flott ramme for alle båtane som ligg til kai.  Fjordsteam vart opna av Riksantikvar Jørn Holme torsdag ettermiddag. Under fjordturen fredag, der det var fullt belegg på alle båtane, var det blå himmel og knapt ei regnbyge å sjå.  I år var MS Sunnhordland med, og i lag med DS Stord I var såleis gamle HSD godt representert. Det var MS Sunnhordland som avløyste DS Stord i Sunnhordland Snøggrute like etter krigen. Arrangementet vart avslutta med festmiddag og kulturelle innslag i Stavanger Konserthus laurdag kveld. Neste år møtes vi i Bergen. Fleire bilete finn du under fana Bilder oppe til høgre. 

Foto: Harald Sætre

Visninger: 57

Kommenter

Du må være medlem av Fjordabaaten for å kunne legge til kommentarer!

Bli med Fjordabaaten

© 2017   Created by Terje Kvamme.   Drives av

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår